Samfunnsdemokratene

Nettside: Samfunnsdemokratene.no
Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Samfunnsdemokratane

Samfunnsdemokratane vart stifta 8.mars 2011 på Sandane i Gloppen, Sogn og Fjordane. Initiativtakar: Gunnvor A. Sunde, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane.Tidlegare Arbeidarpartirepresentant i Gloppen kommunestyre og Fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Partiet Samfunnsdemokratane skal grunnleggast på kristne/humanistiske verdiar, og ha som mål å ta vare på Norge som eit fritt og sjølvstendig samfunn. Heile landet skal takast i bruk til busetnad og verdiskaping.

Gjennom godt utbygd infrastruktur sikre like høve til utvikling i heile landet. Samfunnsdemokratane er plassert til sentrum/ venstre med blandingsøkonomi, dvs balanse mellom privat næringsliv og tilrettelegging frå det offentlege.

Styret og listekandidatane til Samfunnsdemokratane har brei kompetanse, og det felles at vi syns samfunnsutviklinga har teke ei uheldig retning.

Samfunnsdemokratane vil setje mennesket i fokus.Norge har store verdiar som må brukast til å gjere Norge robust og meir sjølvberga for framtida. I staden er vi vitne til at det utviklar seg større forskjellar, gode offentlege tenester blir utsett for nedskjering/nedbygging, og det er for lite satsing på utbygging/vedlikehald av infrastruktur.

Drevet av Blogger.